image-9
Lektorbloggen

Lønna er ikkje det ho ein gong var  

Artikkelen til Jon Hustad, «Lektoren er ikkje det han ein gong var», gir blod på tann til lektorar som har varsla opptrapping av skulestreiken til hausten. Noko har gått frykteleg gale når ein lektor tener om lag det same i dag som i 1978. 
AVHelle Christin Nyhuus, leder i Norsk Lektorlag
30. juni, 2022
Denne artikkelen er mer enn ett år gammel

Kva har arbeidsgjevarane og politikarane gjort med rekrutteringsutfordringane i skulen? Det mest iaugefallande er det store gapet mellom ambisjonar og realpolitikk. Nedturen i lønnsnivået starta i 1970-åra, om lag på same tid som dåverande undervisningsminister Bjartmar Gjerde slo fast at Noreg har «verdas beste skule». I 50 år har lektorlønna gått nedover parallelt med at arbeidet i skulen har vorte stadig meir krevjande. Kampanjar for å auke statusen, og festtalar rett før vala, hjelper så lite når årelang vanskjøtsel frå skuleeigarane har starta ein ulmebrann av misnøye i heile lærarstanden. 

I årets lønnsoppgjer var frontane steile. Lektorane hadde høge forventningar etter fleire år med reallønnsnedgang og to krevjande år med pandemiskule. Ved meklingsavslutninga uttalte forhandlingsleiaren i KS, Tor Arne Gangsø, til NRK at «dei yrkesgruppene i vår sektor som har den høgaste lønna, er også dei som klagar mest». Dersom han får lese Hustad si sak, kan det vere at han vert litt mindre forundra over misnøya. Eller kanskje ikkje. Det ser nemleg ut til å vere tverrpolitisk semje i Kommune-Noreg om å oversjå marknadskreftene, og den ukulturen kan dei halde fram med fordi det er så lett å tilsetje ufaglærte til å undervise i norske klasserom.  

Når rekrutteringa inn i lærar- og lektoryrka sviktar, er det aldri høgare lønn som er løysninga. Det er alltid å senke krava for å kunne verte tilsett, og å seke krava for å kome inn på utdanningane. Sjølv etter at det vart bestemt at alle lærarutdanningane skulle vere på masternivå, er det tatt til orde for kortare utdanningar, for å få nok lærarar ut i distrikta. Samstundes høyrer vi til stadig dei politiske ambisjonane om å styrkje fellesskulen.

Statusen er heller ikkje det han ein gong var. Det er meir enn underleg at ikkje fleire føresette reagerer på at nesten kvar femte «lærar» i skulen underviser borna deira utan å vere kvalifisert til jobben. For å møte rekutteringsutfordringa i skulen har også KS uttalt at ein slettes ikkje treng å ha lærarutdanning for å vere lærar. Tvert om så framsnakkar dei at det er «mykje» forskjellig kunnskap eller utdanning som kan vere god nok for å undervise.    

Norsk Lektorlag vart stifta i 1997 som eit opprør mot nedvurderinga av faglege kunnskapar og ei anti-intellektualisme i skulen og samfunnet. Gjennom fleire år hadde misnøya auka som følgje av ikkje å bli prioritert i lønnsoppgjera. Vi vil halde fram å kjempe for fagleg fordjuping og kompetansekrav for å undervise, fordi det kjem elevane og skulen til gode. Når det gjeld lønn, meiner vi at det er på høg tid at lektorane får forhandle all lønn lokalt slik dei andre høgt utdanna i Akademikerne gjer. Sentral lønnsdanning, slik vi har i dag, vil aldri gje lektorane den lønna dei faktisk fortener.   

Dette innlegget vart publisert i Dag og Tid 24. juni 2022.

Artikkelen til Jon Hustad omtalar ein rapport Menon skreiv for Norsk Lektorlag om lektorlønn. Du kan lese meir om innhaldet i rapporten her (lenkje til Lektorlagets artikkel)

se mer innhold fra kategorien

LektorbloggenLønn
kslokale lønnsforhandlingerlønnsoppgjøroslo kommunetariffoppgjør

Flere artikler du kanskje er interessert i

Lektorbloggen
Tause klasserom er et demokratisk problem
Et trygt og godt skolemiljø er avgjørende for at elevene skal trives og lære – det er alle enige om. Utfordringen er at bestemmelsene for skolemiljø praktiseres feil, og det har ført til tause klasser...
Lektorbloggen
10 råd for å rekruttere og beholde lærere og lektorer
Skole og utdanning topper listen over saker som betyr noe for folk flest ved valg, men debatten preges av symbolsaker som skolemat og lekser. Her er ti råd til politikere for å rekruttere og beholde f...
Lektorbloggen
Skolens voldelige dilemma
Hva skjer dersom jeg velger å ikke gripe inn mot utagerende elev, av hensyn til egen helse? Vil jeg da kunne forvente anklager om å ha ikke ha gjort jobben min?