image-2
Lektorbloggen

Skulen skal ikkje måtta velja mellom læremiddel og nok vaksne

For at flinke folk skal kunne gjera ein god jobb treng dei rette verktøy. I skulen vert det kalla læremiddel. Kva er konsekvensen av at lærarane manglar gode læremiddel?
AVHelge Kristoffersen
04. mai, 2022

Den viktigaste innsatsfaktoren i skulen er flinke folk. Dei må vera mange nok og ha den rette kompetansen. Nesten heile skulebudsjetta går til løn. Ansvaret for å skaffa gode læremiddel ligg hjå skuleeigar, som i vårt samfunn er våre folkevalde.

Ingen av våre folkevalde har gått til val med eit program for ein middels god skule. Finst det nokon som ikkje vil at det skal skinne av framtidas generasjonar? Kloke hovud har gjord skulen til både ein rett og ei plikt i Norge. Det me alle brukar 10–20 år av livet vårt på, må legga til rette for at me alle når vårt fulle potensial, frå meister til master.

Læremiddel eller lærarar?

Den som tek seg tid til å lesa Aftenbladet sine artiklar om skule, vil møta mange engasjerte og dedikerte skulefolk. Alle, frå elev til rektor, merkar sparekniven på ulikt vis. Alle gjer sitt beste. Trass i mykje sparing lukkast dei fleste. Men kor mykje betre hadde resultata blitt med nokre prosent høgare skulebudsjett?

For Kannik skole i Stavanger er kostnaden for nye lærebøker estimert til 2,5 millionar. Denne summen er omtrent årskostnaden for fire vaksne i skulen, som alle gjer viktige oppgåver. Skal skular som Kannik gjera jobben sin for alle elevar, må det meir pengar til.

Det fine med læremiddel er at det i dei fleste tilfellet er ei investering som held seg over fleire år. Det du les i ei god bok kan du hugsa heile livet, og dei fleste lærebøker er gode i 10 år. Aftenbladet sitt oppslag om kopiering av lærebøker er eit prov på at dei trengst og at lærebøker toler tida. Kan det tenkjast at asfalt på nokre vegar gjer nok mynt i kassa til å finansiera gode læremiddel for ein heil kommune? I Sandnes er økonomien god, og i tillegg til idrett må me få til ei satsing på skulen. Det kan vera ei minst like god investering.

God struktur på timane

Manglande finansiering av læremiddel er som å spara på skillingen og la dalaren gå. Om læremiddel manglar, tek planlegging av gode timar mykje lengre tid. Arbeidstidsavtalen til lærarane har det som ein føresetnad for utrekning av løn og arbeidstid. Vaksne som allereie spring har ikkje alltid denne tida, og kan ikkje jobba gratis når tilrettelegginga frå skuleeigar ikkje er god nok.

«Manglande finansiering av læremiddel er som å spara på skillingen og la dalaren gå. Om læremiddel manglar, tek planlegging av gode timar mykje lengre tid.»

Gode læremiddel gjer slutt på lause papir og store lenkesamlingar på dingsar med batteri som går tomme. Gode læremiddel har struktur som er lik frå time til time, noko som gjer det lettare å henga med når konsentrasjonen sviktar eller det kjem vikar i klassen. Vaksne som kan både fag og formidling må få velja det som er best og ikkje det som er billegast.

Ein god skule for alle er ei av dei viktigaste oppgåvene til kommunane. Finansiering av skulen er noko av det som må settast høgast på budsjetta. Skrinne skulebudsjett gjer prioriteringane på skulen vanskelege. Flinke skuleleiarar skal ikkje måtte velja mellom gode læremiddel og tilstrekkeleg med vaksne.

Tilstrekkelege budsjett trengst for å følgja lova. Romslege, men ikkje gigantiske, budsjett gjer rom for å hjelpa barn og unge til å nå endå lengre. Alle pengar brukt i skulen gjer ei avkastning på minst eit livsløp. Kan då skulen overfinasierast? Vil alle dei me har røysta på i val gjera plikta si og leggja til rette for ein best mogeleg skule?

Dette innlegget er publisert i Stavanger Aftenblad 2. mai 2022.

Lektorbloggen publiserer stoff om norsk skole og utdanningssystemet. Innlegg fra gjesteskribenter er ikke Norsk Lektorlags standpunkter.

se mer innhold fra kategorien

Lektorbloggen
læremidler

Flere artikler du kanskje er interessert i

Lektorbloggen
Et forsvar og en hyllest av eksamen
Elevorganisasjonen og flere politikere har i eksamen funnet en felles fiende. Men som en kloakkrotte uten venner trenger eksamen sårt et forsvar. For norske elever trenger eksamen for å få en rettferd...
Lektorbloggen
Alle eller ingen skal med
Det synes å herske en forestilling om at hvis alle elever løser hele eksamen kun i et digitalt grensesnitt, så er det universell utforming. Det er det ikke. Det gjør det også unødvendig vanskelig for ...
Lektorbloggen
Lærerne får skylden for volden
I en stigende voldsbølge tviholder byrådet på sin ene forklaring.