image-1
Lektorbloggen

Kunnskap kostar

Norsk Lektorlag har vore i streik før høgare løn. Høveleg løn er viktig for lærarar og lektorar, men det er nok endå viktigare for dei unge i skulen. For om løna er for dårleg, er vegen ut av klasserommet kort.
AVHelge Kristoffersen
15. juni, 2021
Denne artikkelen er mer enn ett år gammel

Respons analyse har funne at om lag halvparten av lærarane og lektorane har søkt eller har vurdert å søka arbeid utanfor skulen dei siste to åra . Det er eit faktum som gjer streiken viktig for langt fleire enn medlemmane i Norsk Lektorlag.

Allereie er det slik at om lag 10 prosent av alle som jobbar i lærarstillingar, ikkje har pedagogisk utdanning i det heile [1]. Tala er langt høgare i distrikta og på fagskular. I tillegg er det slik at berre halvparten av engelsklærarane har den utdanninga som krevst for å undervise i faget, og ein gjennomsnittleg matematikklærar har berre studert faget sitt i litt over eit halvår. [2] I fag som mat og helse, musikk, og kunst og handverk er det eit mindretal av lærarane som har studiepoeng i det heile. Kan det tenkjast at ikkje alle norske born får tilstrekkeleg opplæring?

Vikingane skreiv i Håvamål at landet skulle byggjast på kunnskap. Det er ikkje mindre viktig i 2021. Samfunnet er i stadig raskare endring. Vår tid krev ein god skule. Då må nokre av dei beste hovuda via livet sitt til opplæring av neste generasjon. Men kvifor skal dei gjere det når ein i skulen ikkje heng med i lønnsutviklinga? Gjennomsnittsløna i Noreg er 48.750 kroner, og det er berre lektorar i vidaregåande skule som tener marginalt meir enn dette. Grunnskulelærar si månadsløn er 3000 kroner lågare enn gjennomsnittet. [3] Kan ein byggja landet om ein ikkje prioriterer ressursar til skulen?

KS har som oppdrag å fremja norske kommunars interesser, og sjølvsagt skal dei då passa på at kostnadene ikkje vert for store. Eit av mandata er då ikkje å gje for store sentrale tillegg. Lærarløn er ein stor del av dei kommunale budsjetta. Men på den andre sida er den største kapitalen i landet vårt humankapitalen, verdien av kompetansen og arbeidet vårt. Humankapitalen utgjer 75 prosent av nasjonalformuen, og er mykje høgare enn verdien av olja [4].

Dei som spør om kva vi skal leve av etter olja, veit eigentleg at svaret er enkelt. Vi skal leve av det same som no – verdien av folka våre. For sjølv om kunnskap kostar, er investeringar i kunnskap lønsamt. Er det ikkje dårleg kommuneøkonomi å spara der ein byggjer den viktigaste kapitalen?

Då arbeidsministeren greip inn med tvungen lønsnemnd vart det klart at løna til lærarar og lektorar skal fastsetjast i tråd med frontfaget i år også. Men er eksportindustrien vår tent med at det ikkje vert investert tilstrekkeleg i humankapital? Resultatet av at norsk skule tapar kampen om dei beste hovuda, er mykje meir alvorleg enn ein brann i Fredrikstad.

Tida er meir enn moden for at politikarar i KS, storting og regjering går saman om eit skikkeleg lønnsløft for lærarar og lektorar. Det må vere slutt på tida då partane skuldar på kvarandre. Dei må ikkje få lov til å skrive frå seg ansvaret når dei kjenner situasjonen i norsk skule.

Tillitsvalde i Norsk Lektorlag jobbar sjølvsagt mest for løn og arbeidsvilkår for medlemmane våre. Dei streikande er glade for å vera attende til klasserommet med elevane. Men og dette året er det nokre som vil sei at nok er nok, og finna seg anna arbeid. Det er ein stille marsj ut av klasserommet, og allereie har 20 prosent av dei som jobba i yrket i 2008, funne seg jobb andre stader. [5] Ein må gjerne skulda ein fagorganisasjon for å mele si eiga kake, men streiken til Norsk Lektorlag er eit symptom på eit større samfunnsproblem. Dette må politikarane våre ta inn over seg, og me visa med røystesetelen til hausten.

Kunnskap kostar, kunnskap er lønsamt.

Lektorbloggen publiserer stoff om norsk skole og utdanningssystemet. Innlegg fra gjesteskribenter er ikke Norsk Lektorlags standpunkter.

Innlegget er publisert i Stavanger Aftenblad 14. juni, og er redigert.

[1] Her har eg ikkje primærkjelde, men:  https://www.utdanningsnytt.no/korona-laerere-smitte/over-halvparten-av-laererne-har-vurdert-ny-jobb/269986

[2] https://www.ssb.no/utdanning/barnehager/statistikk/ansatte-i-barnehage-og-skole

[3] https://www.ssb.no/lonnansatt

[4] https://www.regjeringen.no/no/tema/okonomi-og-budsjett/norsk_okonomi/beregning-av-norges-nasjonalformue-til-perspektivmeldingen-2017/id2548710/

[5] https://www.ssb.no/utdanning/artikler-og-publikasjoner/vanligere-a-forsvinne-fra-laereryrket-enn-a-komme-tilbake-dit

se mer innhold fra kategorien

Lektorbloggen
lønnsoppgjørstreik

Flere artikler du kanskje er interessert i

Lektorbloggen
Tause klasserom er et demokratisk problem
Et trygt og godt skolemiljø er avgjørende for at elevene skal trives og lære – det er alle enige om. Utfordringen er at bestemmelsene for skolemiljø praktiseres feil, og det har ført til tause klasser...
Lektorbloggen
10 råd for å rekruttere og beholde lærere og lektorer
Skole og utdanning topper listen over saker som betyr noe for folk flest ved valg, men debatten preges av symbolsaker som skolemat og lekser. Her er ti råd til politikere for å rekruttere og beholde f...
Lektorbloggen
Skolens voldelige dilemma
Hva skjer dersom jeg velger å ikke gripe inn mot utagerende elev, av hensyn til egen helse? Vil jeg da kunne forvente anklager om å ha ikke ha gjort jobben min?