image-5
Lektorbloggen

Ka skal me læra av?

Alle fag i skulen har fått nye læreplanar, men kva skjer med lærebøkene?
AVHelge Kristoffersen, hovedtillitsvalgt for Norsk Lektorlag i Sandnes kommune og styremedlem i Norsk Lektorlag Rogaland
24. mars, 2021
Denne artikkelen er mer enn ett år gammel

I vidaregåande skule seier berre 43 prosent av Norsk Lektorlags medlemmar at faget deira har fått nye læremiddel. For grunnskulen er det same talet det sjokkerande låge 10 prosent. Ni av ti har altså gamle læremiddel til nye læreplanar.

Men manglande oppdatering av læremiddel er som å gå tur etter gamle kart. Du finn fram, men det er ikkje like lett.

Utdaterte læremiddel er neppe ei ny sak, og framleis står det mykje klokt mellom gamle permar. Men manglande oppdatering av læremiddel er som å gå tur etter gamle kart. Du finn fram, men det er ikkje like lett.

Løftet

Den nye læreplanen kom hausten 2020 og er ein del av fagfornyinga. Heile sektoren frå grendeskule til statsråd har jobba med utforming, førebuing og implementering i fleire år. Alt frå det vesle og sære til det store og prinsipielle har vore diskutert. Namnet på nyvinninga er kunnskapsløftet 2020, og det er både eit løft for kunnskapen og eit løfte til eleven om oppdatert kunnskap.

16 år etter førre læreplan er skulen, samfunnet og framtida endra. 2020 er året som på mange måtar har vist oss at endring og tilpassing er heilt naudsynt for livskvalitet, helse og framtidsutsikter. Er 2021 året der alle elevar i skulen opplever ny og oppdatert læring i alle fag?

Foreldregenerasjonen synest kan hende omgrepet læremiddel er nytale. For det heiter vel framleis lærebøker? I 2021 er ikkje læreboka død, men ho er ikkje alltid laga av papir. Framleis ber dei unge på tunge sekkar, men meir og meir læring går føre seg på skjermar og tastatur. Etter at skulebudsjetta har svulma av midlar til digital infrastruktur, som nettverk, nettbrett og Chromebook, er det smular att til å kjøpe innhald. For sjølv dei flottaste dingsane er berre for kladdebøker å rekne utan rett innhald for elevane.

Framleis er det slik at læraren er den som styrer læringa, og er saman med eleven læringas «kven». Læremidla er dei fysiske hjelpemidla og læringas «kva». Og dette «kva» må vera best mogleg.

Nokre vinn, nokre taper

Djuplæring er eit av dei store mantraa i Kunnskapsløftet 2020. Internett er ei Sareptas krukke med informasjon og eit heilt naudsynt verktøy for læring no og i framtida. Det er rett og rimeleg at elevar går ut på verdsveven i leit etter informasjon og kunnskap.

Dei som skal vera vaksne i framtida må skilje sanning frå konspirasjonsteoriar og fakta frå reklame. Det siste, reklamen, er det som er det mest krevjande. Nettlesaren lagrar sine cookies, og skjermen har alltid ei rute som skal dra meg attende til noko eg har interesse for. For elevane våre er det difor ikkje alltid læring som er det mest spanande på skjermen. Det er lett å klikka seg inn på sosiale medium og spel. Me kan ikkje klandre elevane for dette, men heller fjerne freistingane som tek dei bort frå læringa.

Lesing på papir vert kalla ein monoaktivitet. Papir endrar seg ikkje, og det er berre lesing som går føre seg. Mange nyt roen med ei bok, og den er noko heilt annan enn ein skjerm som flimrar. Forskarar peiker på at lesing på papir er mykje betre når ein skal lese langt, og langt må elevar lese om ein skal ta omgrepet djupnelæring på alvor. Naturfagsboka har berre naturfag, og vener kan ikkje sende meldingar som dukkar opp i eit hjørne.

Klasserom med papirbøker er avgrensa til det som vert forklart av læraren og det som er trykt i boka. Klasserom med papirbøker har ikkje reklame eller spel. Sanseinntrykka til eleven er avgrensa til det som går føre seg i klasserommet. Kan hende det er mindre spanande, men det er nok lettare for mange å konsentrere seg om læring.

For dei flinke er det digitale ofte lettast. Men for dei med kortare konsentrasjon, og som ikkje forstår meir enn halvparten av kva læraren seier, er det lett å surfe på verdsveven bort frå det dei treng å lære. I læring er det viktig å stenga reklame og underhaldning ute.

Det er grunn til å tru at skilnadane mellom dei som meistrar og ikkje meistrar vert forsterka i det heildigitale klasserommet.

Med skjermen på i alle fag, er det nokre som vinn og nokre som taper. Det er grunn til å tru at skilnadane mellom dei som meistrar og ikkje meistrar vert forsterka i det heildigitale klasserommet. Både mykje forsking frå lesesenteret ved UiS og nye funn frå UiO syner dette. Det var ikkje intensjonen bak fagfornyinga og kunnskapsløftet 2020.

Læremiddel må prioriterast

Norsk Lektorlag vil først og fremst at alle elevar skal ha gode, oppdaterte og tilpassa læremiddel i alle fag. Læremiddel må prioriterast i budsjetta, og dei vaksne som står i klasserommet må få fridommen til å velje det som høver best for elevane på sin skule. Det handlar om å opne dører mot verda og framtida.

I milliardbudsjetta til landets skular er læremiddel som ei lita fotnote, men i røynda er dei ein hjørnestein. I kampen mot kutt er det få rektorar som vil kvitta seg med flinke folk. Kan hende toler elevane endå eit år med kopiar, lenker til gratisressursar og lærebøker frå den gamle planen. Trur vi på at alt går mykje betre og budsjetta vil svulma i 2022 utan at nokon gjer noko? Vil foreldre og elevar støtte oss vaksne i klasserommet i dette kravet?

Dette innlegget ble først publisert i Stavanger Aftenblad 23. mars 2021.

Lektorbloggen publiserer stoff om norsk skole og utdanningssystemet. Innlegg fra gjesteskribenter er ikke Norsk Lektorlags standpunkter.

se mer innhold fra kategorien

Lektorbloggen
læremidler

Flere artikler du kanskje er interessert i

Lektorbloggen
Tause klasserom er et demokratisk problem
Et trygt og godt skolemiljø er avgjørende for at elevene skal trives og lære – det er alle enige om. Utfordringen er at bestemmelsene for skolemiljø praktiseres feil, og det har ført til tause klasser...
Lektorbloggen
10 råd for å rekruttere og beholde lærere og lektorer
Skole og utdanning topper listen over saker som betyr noe for folk flest ved valg, men debatten preges av symbolsaker som skolemat og lekser. Her er ti råd til politikere for å rekruttere og beholde f...
Lektorbloggen
Skolens voldelige dilemma
Hva skjer dersom jeg velger å ikke gripe inn mot utagerende elev, av hensyn til egen helse? Vil jeg da kunne forvente anklager om å ha ikke ha gjort jobben min?