image-6
Lektorbloggen

Det blir mykje å gjere

Ein kan ikkje utføre same arbeidet på 37 timar som på 43, sjølv om ein tek sommaren i bruk. Resultatet blir at læraren må arbeide gratis med retting, møte elevane dårleg førebudd eller det må tilsetjast fleire lærarar for å få utført arbeidet,skriv Aud Sissel Hestenes, leiar i Sogn og Fjordane Lektorlag, i eit innlegg i Firda 15.februar.
AVRedaksjonen
23. februar, 2014
Denne artikkelen er mer enn ett år gammel

Av: Aud Sissel Hestenes, leiar i Sogn og Fjordane Lektorlag

Arbeidstidsordninga for lærarar er ikkje tilpassa ein moderne, framtidsretta skule med vekt på læring og kvalitet, difor er det tid for endring, ifølgje Kommunesektorens organisasjon KS, dette skal bli betre: meir av arbeidstida på skulen, kortare arbeidsveker og meir fleksibel undervisning. Dei er også opptatt av at lærarane skal få meir tid saman med elevane, dette vil dei løyse ved at lærarane skal jobbe meir i den tida elevane ikkje er på skulen, ifølgje KS sin direktør for arbeidsliv, Per Kristian Sundnes.

KS  ynskjer høve til å utvide skuleåret for lærarar med opptil 45 veker mot i dag 38 og fast kontortid 37,5 timar i veka. I dag er arbeidsveka på 43,5 timar med avspasering om sommaren i ferien til elevane, dei ekstra vekene skal i framtida brukast til planlegging for komande skuleår. Dei vil også fjerne dei sentralt fastsette årsrammene og viske ut skilje mellom ulike fag og nivå og forenkle den fagbaserte organiseringa av undervisninga som dannar grunnlaget for det tradisjonelle lesepliktsystemet. Ordninga med sjølvstendig tid skal opphøyre, det heiter i framtidig modell at «undervisningspersonalet skal ha tilstrekkeleg med tid til føre- og etterarbeid og fagleg ajourføring». Faglærarsystemet er på frammarsj også i barneog ungdomsskulen, det vil seie at ein lærar kan ha frå 100- 300 elevar som skal ha undervisning, vurdering, oppfølging og tilbakemelding, og tekstar og prøvar som skal rettast, alt innanfor den faste kontortida på 37,5 timars veke. Utan faste avtalar skal arbeidstida etter KS sitt nye forslag vere utgangspunkt for lokale drøftingar der rektor har styringsrett over kor mange timar den einskilde lærar skal undervise i forhold til sjølvstendig tid innanfor årsverket.

KS  argumenterer met med omgrep som styringsprinsipp og fokus på skulen som administrativ einskap i kommunane, ikkje pedagogiske eller skulepolitiske argument.

 Også i dag er det styring av rammene til undervisningspersonalet, undervisning, møter, heildagsprøvar, eksamensdagar, karakteroppgjer og fellesarrangement, strukturen som ligg i skulen sitt daglege liv med alle tidsfristar som må haldast, er arbeidsgjevaren si styring i noverande ordning.

Lærarane arbeider  idag med stor fleksibilitet i dei periodane elevane er på skulen og retting av prøvar og tekstar blir for det meste gjort på kveldstid og i helgane. I dagens arbeidstidsordning er til dømes norsklærarane allereie overbelasta.

 TNS Gallup gjennomførte ei gransking i regi av Språkrådet i 2011, med 1131 norsklærarar i vidaregåande skule og 463 i ungdomsskulen, der 89 prosent svarte at dei hadde for stor ar- i Sogn og Fjordane lektorlag.beidsmengd, og 61 prosent at dei ikkje fekk gjort det planlagde arbeidet innanfor arbeidsveka som i dag er på 43 timar.

Ein kan ikkje utføre same arbeidet på 37 timar som på 43, sjølv om ein tek sommaren i bruk. Resultatet blir kanskje at læraren må arbeide gratis med retting, møte elevane dårleg førebudd eller det må tilsetjast fleire lærarar for å få utført arbeidet. Kanskje vert også valet av andre arbeidsplassar enn skulen meir aktuelle, tal frå i dag viser at berre 55 prosent av lærarar med utdanning arbeider i skuleverket, 45 prosent har valt ein annan arbeidsgjevar, og mange nyutdanna sluttar oftare etter berre nokre år i undervisningsstillingar. I tillegg er det mangel på undervisningspersonell, særleg innan realfag, og framtidsprognosane ser enno dårlegare ut.

Forslaget frå KS til ny arbeidstidsavtale er berre eit av mange «gode» forsøk på reformer i det norske skulesystemet, som til dømes «Enhetsskolen » «Den nye lærarrolla» i «Reform 94» «Ansvar for eiga læring» og «Kunnskapsløftet», alle med same mål som no, ein skule av høg kvalitet og mykje kunnskap, men resultata på internasjonale testar er dei same, framleis under gjennomsnittet.

 

 

 

 

 

 

 

 

se mer innhold fra kategorien

Lektorbloggen
arbeidstidsavtale

Flere artikler du kanskje er interessert i

Lektorbloggen
Pilotstreiken rokka ved solferiane, lærarane streikar for deg og framtida di
Etter at streik råka ferien til fleire hundre tusen, trappar no me som underviser i skulen vår streik ved skulestart. Lærarstreiken handlar om langt viktigare verdiar enn Syden og sol. Me streikar for...
Lektorbloggen
Lønna er ikkje det ho ein gong var  
Artikkelen til Jon Hustad, «Lektoren er ikkje det han ein gong var», gir blod på tann til lektorar som har varsla opptrapping av skulestreiken til hausten. Noko har gått frykteleg gale når ein lektor ...
Lektorbloggen
Skulen skal ikkje måtta velja mellom læremiddel og nok vaksne
For at flinke folk skal kunne gjera ein god jobb treng dei rette verktøy. I skulen vert det kalla læremiddel. Kva er konsekvensen av at lærarane manglar gode læremiddel?