image-0
Lektorbladet

Er orden og oppførsel på veg ut?

Vurderingsforskrifta skal opp til revisjon i haust. No har diskusjonen om ordens- og åtferdskarakterane starta i lukka rom.
AVRedaksjonen
11. april, 2019
Denne artikkelen er mer enn ett år gammel

(Lektorbladet nr. 2-2019)

– Spørsmålet om skjebnen til karakterane i orden og åtferd er ikkje tatt opp i full breidde enno, men basert på dei første signala frå andre skuleorganisasjonar kan det verke som at fleire er positive til å ta bort ordenskarakterane, fortel Rita Helgesen.

Skal spørsmålet til departementet?
Diskusjonen om ordenskarakterane vart tatt opp i eit møte Utdanningsdirektoratet inviterte til i mars, der temaet var revideringa av vurderingsforskrifta. Direktoratet ønskte blant anna tilbakemelding på korleis vurdering – med og utan karakter – i orden og åtferd fungerer i dag, og om det er aktuelt å foreslå endringar som følgje av fagfornyinga.  Spørsmålet var heilt opent, og avhengig av tilbakemeldingane skal direktoratet avgjere om forslag til endring i ordens- og åtferdskarakterane skal vidare til departementet og bli sendt ut på høyring når heile vurderingsforskrifta skal på høyring til hausten.

Viktig verkemiddel
– Vi var den einaste organisasjonen som signaliserte at karakterane i orden og åtferd er ein naudsynt del av sanksjonsapparatet til skulen. Desse karakterane verkar preventivt på enkelte grupper, og vi kan ikkje fjerne desse utan å ha gode og verknadsfulle tiltak å erstatte dette med – og som ikkje krev meir tid og administrasjon, seier Helgesen vidare. Ho meiner desse karakterane er spesielt viktige verkemiddel i mange yrkesfagklassar.
Norsk Lektorlag meiner også at god orden og oppførsel er eit naudsynt premiss for målsetjingane om sosial læring og utvikling i overordna del. Helgesen har ikkje inntrykk av at Utdanningsdirektoratet pressar på for endringar her, men at dei ønskjer å høyre med partane om dette er noko som bør meldast inn som eit ønske til departementet. 

Vald og krenkingar
– I det siste har det vore stor merksemd om vald og krenkingar i skulen, og då ville det vere underleg å fjerne eitt av få sanksjonsmiddel vi har i skulen, seier Helgesen. (Les også om metoo i skulen).

– På den eine sida skal svært lite til før ein lærar kan bli anklaga for mobbing etter §9a, og på den andre sida står eleven som vert mindre og mindre ansvarleggjort og med stadig sterkare rettar, legg ho til.

– Eg kjenner til at det blir gjort forsøk utan karakterar i orden og åtferd i vidaregåande skular i Rogaland, og at det er delte meiningar om kor god effekt forsøket har. Elevane er gjennomgåande positive, medan det ser ut til at lærarane opplever forsøket ulikt ut frå kva elevgrupper dei har på skulane, og om desse ordenskarakterane har vore viktige verkemiddel tidlegare.

– Vi bør uansett la forsøket gå over fleire år før vi konkluderer, seier ho.

Rapport:
Erfaringer med å fjerne karakter i orden og oppførsel, Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning, november 2019.
 

Les også om skulane i Rogaland som deltok i forsøket utan ordenskarakterar.

se mer innhold fra kategorien

LektorbladetUtdanning
opplæringsloven

Flere artikler du kanskje er interessert i

Lektorbladet
Den skolepolitiske dobbeltkommunikasjonen
Skolen lider under et politisk verdikompromiss mellom den venstreradikale, progressive pedagogikken og den nyliberale markedslogikken.
Lektorbladet
Lektorlaget heller mot venstre
Medlemmene i Norsk Lektorlag stemmer på klima og miljø og på venstresiden. Dette viser en fersk medlemsundersøkelse.
Lektorbladet
Det skoleåret håret mitt ble grått
Som kontaktlærer får man mange vanskelige situasjoner i fanget, og mange av dem er det helt umulig å forberede seg på.