image-6
Lektorbloggen

Både med og utan hjelpemiddel

Norsk Lektorlag ønsker ei todelt eksamensform - éin del med og éin del utan hjelpemiddel. - Mange satsar på å sleppe unna med klipp-og-lim-metoden, seier Gro Elisabeth Paulsen til Dag og Tid 25. mai.
AVRedaksjonen
25. mai, 2012
Denne artikkelen er mer enn ett år gammel

Vekesavisa Dag og Tid skriv i siste utgåve eit sak om bruk av hjelpemiddel til eksamen. Dette er ei oppfølging av ein artikkel om læreplanane i vidaregåande skule i førre veke.

Norsk Lektorlag har i lang tid arbeidd for å endre eksamensordninga, og mener det er bruken av mange og ukontrollerbare hjelpemiddel som er problemet.
– Vi ønsker altså ein eksamensmodell der éin del er utan hjelpemiddel og éin del er med. Ulike fag vil ha behov for ulik vektlegging av dei to delane, mange i matematikkmiljøet ønsker at hovuddelen av eksamen skal vere utan hjelpemiddel, seier Paulsen.

– Når sensorane ikkje veit kva hjelpemiddel eleven har brukt, vert det vanskeleg å avsløre kva som er plagiat eller juks. Fri tilgang på hjelpemiddel under eksamen fører òg til at mange elevar tek lettare på innlæring av basiskunnskap i faget. Dei trur at informasjonen kan hentast inn når dei treng det, eller dersom dei treng det, under sjølve eksamen. Mange satsar på å sleppe unna med klipp-og-lim-metoden, seier Paulsen til Dag og Tid.

Når eksamensforma ikkje etterspør grunnleggjande kunnskap, vert dette mindre vektlagt i undervisninga, meiner Paulsen.  Difor ønskjer Lektorlaget ein todelt eksamensmodell i fleire fag, der det ikkje er lov å bruke hjelpemiddel i første delen av eksamen. Ei slik ordning er det no i realfag som matematikk, men ikkje i språkfag eller samfunnsfag.
 

Norsk Lektorlag har tatt opp denne saka fleire gonger. I 2010 var det ein stor debatt i Klassekampen om eksamensordningane i skulen.

Relaterte lenker


 

se mer innhold fra kategorien

Lektorbloggen

Flere artikler du kanskje er interessert i

Lektorbloggen
Tause klasserom er et demokratisk problem
Et trygt og godt skolemiljø er avgjørende for at elevene skal trives og lære – det er alle enige om. Utfordringen er at bestemmelsene for skolemiljø praktiseres feil, og det har ført til tause klasser...
Lektorbloggen
10 råd for å rekruttere og beholde lærere og lektorer
Skole og utdanning topper listen over saker som betyr noe for folk flest ved valg, men debatten preges av symbolsaker som skolemat og lekser. Her er ti råd til politikere for å rekruttere og beholde f...
Lektorbloggen
Skolens voldelige dilemma
Hva skjer dersom jeg velger å ikke gripe inn mot utagerende elev, av hensyn til egen helse? Vil jeg da kunne forvente anklager om å ha ikke ha gjort jobben min?