image-5
Medlemsfordeler

USA under Trump – innanriks- og utanrikspolitikk

Norsk Lektorlag har to plassar på lærarkurset ved det Norske Nobelinstitutt. Neste kurs blir 12.-14. mars 2018, og frist for å søkje er 12. februar 2018.
AVRedaksjonen
04. januar, 2018
Denne artikkelen er mer enn ett år gammel

Temaet i år er USA under Trump – innanriks og utanriks. Kurset er for lærarar i grunnskule og i vidaregåande skule som underviser i samfunnsfag, his­torie eller liknande fag, og som er interesserte i utanrikspolitikk og internasjonale spørsmål. Deltakarane treng ikkje ha spesialkunnskap innanfor desse emna. Det er ein føresetnad at deltakarane er aktive på kurset, og at dei deler ny kunnskap med kollegaer i etterkant. Norsk Lektorlag ønskjer òg ein artikkel frå kurset til Lektorbladet.
Det er ikkje kursavgift. Nobelinstituttet dekkjer kostnader til foredraga, kursmateriell og lunsj. Norsk Lektorlag betaler overnatting i Oslo om det trengst, samt reise og diett ut over felleslunsjane. Kurset er ikkje opent for dei som har delteke på lærarkurset i løpet av dei siste fem åra.

Frist for å søkje 12. februar 2018

Interesserte kan sende søknad til Tonje Leborg innan 12. februar. Søknaden må innehalde informasjon om fagleg bakgrunn, og ei kort grunngjeving for kvifor ein ønsker plass på kurset.

Les mer om programmet for Nobelinstituttets lærarkurs (pdf)

se mer innhold fra kategorien

Medlemsfordeler
nobelkurs

Flere artikler du kanskje er interessert i

Medlemsfordeler
Prøv noen nye medlemsfordeler!
Medlemsfordeler
Søk på Lektorstipendet 2022
Har du lyst på inntil 10 000 kroner til faglig oppdatering og inspirasjon i ditt undervisningsfag? Søk Lektorstipendet innen 1. mars!
Medlemsfordeler
God innboforsikring med Storebrand og Akademikerne Pluss
Innboforsikringen du som medlem i Norsk Lektorlag får gjennom Akademikerne Pluss dekker møblene, klærne og de aller fleste tingene du og din familie eier i boligen – også sykkelen din.