image-8
Lektorbloggen

Prioriterer meir løn til lærarar utan utdanning

Det er ikkje sikkert Kristin Halvorsen vil lukkast med å forbetre lærarkompetansen og i kampen mot fråfall, så lenge lærarar med lengst utdanning blir nedprioritert økonomisk. Det meiner leiar i Sogn og Fjordane Lektorlag, Aud Sissel Hestenes.
AVRedaksjonen
11. oktober, 2011
Denne artikkelen er mer enn ett år gammel


AV: Aud Hestenes, fylkesleiar Sogn og Fjordane Lektorlag.

Debatten om å auke kunnskapsnivået i skulen har oppteke media og politikarar heilt sidan vi fekk dei fyrste nedslåande resultata frå dei internasjonale kunnskapstestane, der norske elevar ligg under gjennomsnittet i basale ferdigheiter og fag som lesing og matematikk.

Dette er bakgrunnen for ein politisk vilje til å styrke lærdommen med ei ny grunnskuleutdanning på klassestega 1–7 og 5–10, til erstatning for allmennlærarutdanninga, på tjue lærarutdanningsinstitusjonar rundt om i landet. I tillegg er det krav om fagleg kompetanse i fag ein underviser i, førebels norsk, matte og engelsk. Men skal ein lukkast med å heve kunnskapsnivået, må dei som tek lang og krevjande utdanning også få utteljing i høve til løn, det er difor nedslåande å registrere kva som framleis faktisk skjer.

Årets lønsoppgjer viser sterk handlekraft i motsett retning av betre betaling for auka kunnskap blant dei som underviser i skulen. Dei nye minsteløningane etter årets oppgjer til undervisningspersonell utan utdanning er på topp med eit prosenttillegg på 2,9, og så går det jamt nedover til meir utdanning ein har. Ein fagarbeidar får 2,5 prosent i tillegg, lærar 2,2, adjunkt med tillegg 1,9, mastergrad 1,9 og det endar til slutt på 1,72 prosent for lektor med tillegg, med seks til sju års universitetsutdanning.

Andre målingar viser at Noreg er eit av dei landa i Europa der det ikkje løner seg å ta utdanning, ifølgje ei OECD- liste over 26 medlemsland ligg vi på 19. plass. Toppløn til lærarar i Noreg ligg også under OECD-snittet med 66 prosent av gjennomsnittsløna for andre høgt utdanna, mot 77 i OECD. Kanskje er dette årsaka til andre problem vi finn i skuleverket i dag, som til dømes gjennomføring av vidaregåande opplæring på normert tid, der berre 57 prosent av norske elevar fullfører, men med eit snittet i OECD på 68 prosent. Høgst gjennomføring finn vi i Irland med 87 prosent og USA og Israel med 85.

Med PISA-testane er det avdekt grunnleggjande manglar i dugleik hjå norske skuleelevar.
Dette kan skuldast det faglege nivået til læraren og årsaka til at mange går gjennom grunnskulen utan å lære det dei treng for å meistre vidaregåande. Det er politisk vilje til å styrke kunnskapsnivået til elevane gjennom lærarutdanninga, og for Kunnskapsminister Kristin Halvorsen er kampen mot fråfall og forbetring av lærarkompetansen ei av hovudsakene framover.

Det er ikkje sikkert ho heller vil lukkast så lenge dei med lengst utdanning, i tillegg til høg studiegjeld, blir nedprioritert økonomisk.

(Debattinnlegget sto på trykk i Firda 8.oktober)

se mer innhold fra kategorien

Lektorbloggen

Flere artikler du kanskje er interessert i

Lektorbloggen
Ei bøn til rogalandspolitikarane: Kva med å berre auke lærarløna?
Lærarstreiken er over til glede for elevane, mens lærarane er i harnisk, fordi dei enno eit år opplever redusert kjøpekraft. No utfordrar eg rogalandspolitikarane til å ta grep og auka lærarlønna i vå...
Lektorbloggen
Lekser, nå igjen
Hvis en familie bestemmer at det beste for sitt barns læring og utvikling er at det ikke skal være lekser, skal det fint la seg gjøre uten at et kommunestyre trenger å vedta at alle skolens barn av de...
Lektorbloggen
På tide med en nasjonal satsing på fremmedspråk
Skal vi lære flere språk, må vi gjøre noe drastisk med språkopplæringen både i skolen og høyere utdanning.