Vekesavisa Dag og Tid skriv i siste utgåve eit sak om bruk av hjelpemiddel til eksamen. Dette er ei oppfølging av ein artikkel om læreplanane i vidaregåande skule i førre veke.
Norsk Lektorlag har i lang tid arbeidd for å endre eksamensordninga, og mener det er bruken av mange og ukontrollerbare hjelpemiddel som er problemet.
– Vi ønsker altså ein eksamensmodell der éin del er utan hjelpemiddel og éin del er med. Ulike fag vil ha behov for ulik vektlegging av dei to delane, mange i matematikkmiljøet ønsker at hovuddelen av eksamen skal vere utan hjelpemiddel, seier Paulsen.
– Når sensorane ikkje veit kva hjelpemiddel eleven har brukt, vert det vanskeleg å avsløre kva som er plagiat eller juks. Fri tilgang på hjelpemiddel under eksamen fører òg til at mange elevar tek lettare på innlæring av basiskunnskap i faget. Dei trur at informasjonen kan hentast inn når dei treng det, eller dersom dei treng det, under sjølve eksamen. Mange satsar på å sleppe unna med klipp-og-lim-metoden, seier Paulsen til Dag og Tid.
Når eksamensforma ikkje etterspør grunnleggjande kunnskap, vert dette mindre vektlagt i undervisninga, meiner Paulsen. Difor ønskjer Lektorlaget ein todelt eksamensmodell i fleire fag, der det ikkje er lov å bruke hjelpemiddel i første delen av eksamen. Ei slik ordning er det no i realfag som matematikk, men ikkje i språkfag eller samfunnsfag.
Norsk Lektorlag har tatt opp denne saka fleire gonger. I 2010 var det ein stor debatt i Klassekampen om eksamensordningane i skulen.
Relaterte lenker
- Klipper og limer utan kunnskap, Dag og Tid 25. mai 2012
- Selvkritikk – ingen sak for byråkratiet, innlegg i Klassekampen 19. mai 2010