Norsk Lektorlag mener

Kortversjonen av Norsk Lektorlags utdanningspolitiske program (nynorsk)

AVRedaksjonen
22. mars, 2021

Kunnskap byggjer kompetanse

   Vedteke av Norsk Lektorlags landsmøte 15. november 2019   

Den viktigaste oppgåva til skulen er å formidle kunnskap og la elevane utvikle ulike ferdigheiter. Faga i skulen skal byggje på akademiske, profesjonsfaglege og handverksmessige tradisjonar.  

Norsk skule skal gi alle elevar like moglegheiter til å realisere potensialet sitt og kunne delta aktivt i samfunnet. Utdanning er eit av dei viktigaste velferdsgoda våre, derfor har elevane eit sjølvstendig ansvar for å utvikle kunnskap og ferdigheiter. Dette ansvaret aukar gjennom skuleløpet. 

Kunnskap er kjerneelementet i all kompetanse. I eit kunnskapsintensivt og spesialisert arbeidsliv aukar behovet for solide praktiske og teoretiske fagkunnskapar som kan nyttast på fleire ulike måtar. Dette gjer det viktigare enn før å byggje skulefaga på oppdatert kunnskap. I eit samfunn med rask endringstakt treng arbeidslivet meir kompetanse, kreativitet og omstillingsevne. Solide fagkunnskapar er ein føresetnad for alt dette. 

Kunnskap er grunnleggjande for både utdanning og danning. Danningsoppdraget – å la elevane utvikle seg som individ og samfunnsborgarar – må vere integrert i arbeidet til skulen med den faglege utviklinga til elevane. Kunnskap er nødvendig for å setje elevane i stand til kritisk refleksjon og å kjenne igjen ufaglege og uvitskaplege påstandar.

Faglæraren forvaltar kunnskapstradisjonane våre, er kulturformidlar og rollemodell, og har ei avgjerande rolle i læringsprosessane til elevane. Lektoren skal ha tilstrekkeleg profesjonelt handlingsrom. Det er verken ønskjeleg eller mogleg å styre didaktikken, dei pedagogiske prosessane eller det relasjonelle arbeidet i undervisninga. 

Hovudmålet for Norsk Lektorlags program er at alle elevane møter ein skule der dei kan tileigne seg kunnskap og utvikle ferdigheiter for vidare utdanning, yrkeskarriere og livsmeistring. Nøkkelen til ein god skule er kompetente lektorar og lærarar som har gode arbeids-, lønns- og rammevilkår.

1. Autonomien til lektoren

Faga ber skulen 

Solid fagleg forankring er ein føresetnad for å utvikle forståing og djupnelæring og må derfor stå sentralt heilt frå skulestart. Tydeleg fagleg og metodisk progresjon sikrar elevane betre læring og betre læringsmiljø og reduserer fråfall. 

2. Tid til undervisning

Undervisning er kjerneoppgåva til skulen. Byråkrati, samansette elevgrupper og læringsressursar av ujamn kvalitet gjer det stadig meir tidkrevjande å gi god undervisning. For å sikre nok tid til dette må undervisningsomgrepet definerast tydeleg, og elevane må få årstimetalet dei har krav på.  

Fjern tidstjuvar og byråkrati 

Mykje rapportering og dokumentasjon i skulen er unødvendig, IKT-system må lette arbeidskvardagen. Lektorar og lærarar bør bruke størstedelen av tida si til undervisningsretta arbeid.  

3. Ein demokratisk og open skule 

Opplæringa skal fremje vitskapleg tenkjemåte, demokrati og likestilling. Tilsette i skulen har vid og omfattande ytringsfridom om forholda i skulen, Norsk Lektorlag vil ha større openheit i og om skulen. 

4. Kompetanse

Kompetente lærarar til alle 

Lektoren har ei avgjerande rolle i læringsprosessen til elevane. Lektorar og lærarar med høg fagleg kompetanse gir betre elevprestasjonar og bidreg til sosial mobilitet hos elevane.

Elevar fortener lærarar med fagleg fordjuping i faga dei underviser i, derfor må lektor- og lærartitlane vernast, og norsk skule må få kompetansekrav på alle trinn i alle fag.

Etter- og vidareutdanning

Elevane og samfunnet treng oppdaterte lektorar og lærarar. Offentlege skuleeigarar er forplikta til å kartleggje og planleggje behovet for kompetanseutvikling.

Lektorar og lærarar har like stort behov for jamleg fagleg oppdatering som i ei rekkje andre yrke der dette er lovpålagt. Relevant etter- og vidareutdanning på fagleg tilfredsstillande nivå må tilbydast alle i skulen.

Karrierevegar

Ein god skule er avhengig av at lektorar og lærarar får utvikle seg som undervisarar gjennom heile yrkeskarrieren. Fagkompetansen hos undervisningspersonalet gir meirverdi i alle delar av grunnopplæringa. Det må finnast faglege karrierevegar i skulen, ikkje berre administrative. 

Lektor- og lærarutdanningane

Den samfunnsbyggjande rolla til skulen og betydninga til lektoren for kvaliteten i skulen gjer det vesentleg å halde fram med å heve krava til kvalitet ved lektor- og lærarutdanningane. 

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) 

Fagleg fordjuping kombinert med PPU er den viktigaste vegen til ein yrkeskarriere i skulen for akademikarar og andre profesjonar med og utan yrkeserfaring, og PPU-studiet bør derfor få større nasjonal merksemd.   

5. Høgare utdanning

Kvalitet må stå sentralt i heile universitets- og høgskulesektoren. Høgare utdanning i Noreg skal halde høg internasjonal standard. Framifrå undervisning må anerkjennast betre i akademia.

6. Profesjonell skuleleiing

Gode skuleleiarar har skulefagleg og pedagogisk bakgrunn, tilset høgt kvalifiserte lektorar og lærarar og byggjer utviklingsarbeidet på vurderingane til faglærarane. Tiltak som ikkje kan knytast direkte til fag, må effektmålast og evaluerast kritisk. 

7. Ansvarlege skuleeigarar

Skuleeigaren må sørgje for at skulen har nok ressursar og blir driven i tråd med lov- og avtaleverk. Retten til fast stilling og fortrinnsrett til utvida stilling må respekterast. All undervisning i skulen skal givast av kompetent personale. 

Forsvarleg arbeidsmiljø 

Arbeidsgivaren må stille nødvendig fysisk infrastruktur til rådvelde, som pauserom, stillerom og samtalerom, mobiltelefonar og anna teknisk utstyr. Skulen, elevane og dei føresette må respektere at lektorar og lærarar har arbeidstid. 

Trygg arbeidsplass 

Lektorar og lærarar har den same retten til eit forsvarleg arbeidsmiljø som tilsette ved andre arbeidsplassar. Elevrettar må ikkje gå ut over helsa, tryggleiken og rettstryggleiken til dei tilsette. 

8. God skulekvalitet i heile landet 

Alle elevar har rett til ei fullverdig grunnopplæring. Eit heilskapleg kunnskapssystem for skuleforsking er nødvendig for å sikre eit høgt fagleg nivå i norsk skule. Norsk Lektorlag er positiv til nettundervisning, som opnar nye moglegheiter både for undervisning og for etter- og vidareutdanning.

9. Vurdering 

Vurdering skal bidra til læring og fortelje kva eleven kan. Lærestoff og undervisningsopplegg må sikre elevane føreseielegheit og objektivitet i vurderinga.

Faglæraren skal vurdere om rammer og grunnlag for standpunktvurdering er forsvarleg. Det er viktig å sikre at faglærarar er godt kvalifiserte, og at det blir gitt tilstrekkeleg tid til vurderingsarbeid og etterutdanning innanfor vurdering.

Eksamen er ein viktig del av vurderingsarbeidet, sentrale myndigheiter og skuleeigarar må gjennom tilstrekkelege tidsrammer og godtgjering leggje til rette for at høgt kvalifiserte undervisarar tek på seg sensorarbeid. 

Like rammer for vurdering

Eksamens- og vurderingssystema i norsk skule må vere pålitelege og sikre at elevane blir vurderte på likt grunnlag, og at kvar elev blir vurdert ut frå den faktiske kunnskapen sin i faget. 

10. Tilpassa opplæring for alle

Alle elevar skal ha reell rett til tilpassa opplæring av kvalifiserte faglærarar. Til spesialundervisning trengst undervisningspersonale som både har fagkompetanse og spesialpedagogisk kompetanse. God utviklingsstøtte krev at skuleeigaren i tilstrekkeleg grad får andre profesjonar inn i skulen.

11. Læremiddel på premissane til faga 

Godt utvikla læremiddel er nødvendige verktøy i undervisninga. Undervisaren skal ha reell påverknad på val og bruk av alle typar læremiddel, som ekskursjonar, digitale læremiddel og lærebøker på papir. Læremidla må ikkje vere utdaterte. 

se mer innhold fra kategorien

Norsk Lektorlag mener
utdanningspolitikk

Flere artikler du kanskje er interessert i

Norsk Lektorlag mener
Utdanningspolitisk program for Norsk Lektorlag
Norsk Lektorlags utdanningspolitikk finner du i vårt utdanningspolitiske program.
Norsk Lektorlag mener
Tariffpolitisk program
Norsk Lektorlags tariffpolitiske program vedtatt av landsmøtet 2021.
Norsk Lektorlag mener
NKVS: Lærerkompetanse viktig for kvalitet i skolen
Norsk Lektorlag mener det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet må overvåke hvordan skolen bidrar til elevenes læring og trivsel. Lærerens kompetanse står sentralt og bør inn i NKVS.